– Her har eg berre vore på kino før, sa ein av dei som kom inn døra til det festpynta lokalet på “Knirken” måndagskvelden.
Over hundre personar hadde meldt seg på møtet. Are Frode Sagland ga forsamlinga eit foredrag om fråhaldsrørsla si historie gjennom tidene, både internasjonalt og lokalt. Fråhaldsrørsla har lange tradisjonar i Sandnes. Byen hadde eit eige fråhaldsparti og det vert fortalt at dei viktigaste kommunale sakene i eldre tider vart avgjort i pausane under møtene på IOGT-huset. Dei viktigaste personanane i styre og stell var alle godtemplarar.
Møte vart ramme inn med dei tradisjonelle rituala som gjeld for eit godtemplarmøte.
Mange gjekk ut av møtesalen med eit breiare inntrykk av kva IOGT-huset (Knirken) eigentleg var tiltenkt; meir enn berre kino.