Sandnes Historielag var representert med fem utsendingar til årsmøtet for Rogaland historielag i Sauda lørdag 16. mars. For ein heil del av deltakarane gjekk turen med båt frå Strandkaien i Stavanger. Grunna kollisjon med ein tømmerstokk i Ryfylkebassenget var båten ein time forsinka til oppstart av møtet, men dette blei greit henta inn med ei effektiv møteleiing. Møtedeltakarane fekk ei god innføring i historia til det nye kulturhuset i Sauda, Folkets hus som nå står fram i ny glans med eit moderne tilbygg. Møtet vakte ei viss interesse i lokalavisa Ryfylke som har ein reportasje med nyheiten om at den lokale sogelagleiaren Aslaug Astad er vald inn som medlem av styret i Landslaget for lokalhistorie. Det er mangt som tyder på at det er optimisme og driv i den lokalhistoriske rørsla i fylket!
Sandnes Historielag var representert med dagleg leiar Merete Sønsterud, styreleiar Ståle Julius Olsen, medlem Ellen Kolstø, medlem Dortea Vagle og styremedlem Sverre Vagle.
Etter sjølve årsmøtet var det ein rundtur med buss til Allmannajuvet, Åbøbyen, Sauda Smelteverk og den verna kraftstasjonen Sauda III i Sønnåhavn. Sauda III inngår i Statkraft Energi AS sitt arbeid med Landsverneplan Statkraft.
Alt i alt eit vellykka årsmøte.