Hein og Kari Steinskog steller godt med både kundar og brukte bøker.
I Kleppekrossen, med butikk i Hattelandsgården og inngang frå Kyrkjebakken, finn du eit antikvariat med det kjekke namnet BOKSTOVÅ TE STEINSKOG. Det er ekteparet Kari og Hein Steinskog som driv butikken. I Sandnes har me ikkje eit liknande utvalg av brukte bøker. Dei som er på jakt etter bøker som til dømes gjeld lokallitteratur eller ættegransking, bør ta kontakt med dei gode fagfolka Kari og Hein Steinskog.
– Er det spesielle stader de finn i bøker folk vil ha?
– Nokre kjem til oss med bøker og får betalt for dei, eller dei får bytta mot andre bøker. Elles kjem det bøker frå dødsbu eller når folk flyttar til leilegheit. Men akkurat bygdebøker og ættesoger er ikkje så lette å skaffa. Nokre får me tak i, medan andre er vanskelegare, seier Hein Steinskog.
– Og det heng nok saman med, seier Kari Steinskog vidare, at det er mange i den generasjonen som skal ta over husa, som er interesserte i slektsgransking, og som veit det er vanskeleg å få tak i gards- og ættesoge. Derfor tek dei vare på desse bøkene sjølv.
Kva tid oppretta dei antikvariatet? I august er det fire år sidan dei starta, altså i august 2007.
– Hein har alltid vore interessert i bøker og lest mykje, fortel Kari. – Og han fann ut relativt tidleg at han skulle pensjonera seg med ein gong han blei 62 år. Og eg tykkjer det var litt ungt å trekkja årene heilt inn. Og då må han vurdera kva som kan vera kjekt å halda på med. Og i og med at du ikkje er avhengig å leva av inntektene, så kan du gjera noko du tykkjer er kjekt. Så blei dette lokalet ledig, og me fekk leiga det. Etterpå er det blitt så mykje at me har leigt eit rom til ved sidan av. I dei to romma har me delt bøker etter tema.
– Kor mange bøker har de?
– Omtrent 20.000 bøker her i butikken, og så er det mellom åtte og ti tusen heime. Det er ikkje berre lager me har heime, for me har jo ei boksamling som ikkje kjem hit, fortel Hein.
– Viss nokon seier: Skaff meg den boka! Kva gjer de då!
– Då seier eg at eg skal vera på utkikk og skal prøva, opplyser Kari. – Då går eg inn og leiter der eg kan tenkja meg å finna boka og er veldig obs! på alle stader. Og me har stengt kvar onsdag her i butikken. Og onsdagane bruker me til å tråla rundt omkring for å finna – – .
– Akkurat nå er det ei bok som ein del er ute etter, avbryt Hein. – Det er boka til Aksel Eggebø om vatnet [Stokkavatnet] som blei til by. Ho er det ikkje lett å finna, seier Hein. – Og så var det ein frå Jørpeland som var interessert i ei bok om Frigjøring i Rogaland. Det viste seg å vera eit bitte lite hefte. Og den einaste plassen eg fann det, var i eit antikvariat.
– De har fin orden i bokhyllene.
– Ja, nå har me nettopp hatt ei opprydding, seier Hein. – Så har me kjøpt inn 40 banankasser med bøker.
Og Kari legg til: – Me er nødt å ha ein viss orden, for me har ikkje lagt inn bøkene på data. Då må me sortera bøkene etter tema. Og i kvart tema plasserer me dei nokonlunde alfabetisk. Så når folk kjem og spør etter noko, veit me kor me skal begynna å leita.
– Me skulle gjerne hatt tilgang på meir lokallitteratur, sukker Hein. – Det er ein del bøker som er vanskelege å finna. Nå var det nettopp ein auksjon i Skien etter Rikard Berge. Og der var ein kasse med rogalandslitteratur som ein hadde sett, mellom anna Torkel Mauland sine bøker om lensmenner i Rogaland. Han som såg kassen med bøkene, gjorde ikkje noko med det, dessverre, så bøkene gjekk til ein eller annan.
– Akkurat nå, seier Kari, er nok Hein mest interessert i ein del av dei gamle førsteutgavene av Garborg sine bøker. Han er på utkikk etter ein god del av dei. Og det er heller ikkje dei bøkene som er enklast å finna.
Kari seier vidare: – Eg vil seia at dei som kjem til oss, det er tre kategoriar. Nokre er lesarar. Dei skal ha ei bok å lesa i og er på utkikk etter den boka. Så er det samlarane. Og så er det dei kombinerte, som både samlar og les. Samlarane er ute etter førsteutgåvene. Medan dei som skal ha bøkene for både å lesa og samla, for dei er det ikkje så nødvendig at det skal vera ei førsteutgåve.
Det er sosialt å møta opp hos Kari og Hein Steinskog. Du blir tatt godt vare på og får servert god kaffe. Kontakt kan ein også få på mobiltelefon 977 26 804 eller 926 41 502. E-postadressa erbokstova.steinskog@live.no. Og på bildet under ser du inngangen til butikken i Kyrkjebakken.